Brøytinga av Rv520 Sauda-Røldal er en utfordring dette året. 12.juni skriver bladet Ryfylke:

Går mot rekordsein opning.
Kalenderen kan koma til å visa juli før Fylkesveg 520 mellom Sauda og Røldal blir opna.

Då Ryfylke snakka med Risa sin oppsynsmann i Sauda, Svein Tore Tveitane, i slutten av mai hadde han eit håp om at vegen over Røldalsfjellet kunne vera ferdig brøyta rundt 10. juni. Nå ser det ut for at denne planen går i vasken.

Tveitane fortel at han sjølvsagt skulle ønska at han alt hadde opna Røldalsvegen, men peikar på at dei store snømengdene på fjellovergangen har gjort brøytearbeida uvanleg krevande. Han melder om nærare fjorten meter høge brøytekantar og enkelte stader har ein måtta bruka sprengstoff for å komma seg gjennom snømassane. Brøytemannskapa hadde tysdag i denne veka klart å koma seg fram til gjetarhytta, men framleis står det igjen ein god del arbeid.

Oppsynsmannen reknar difor med at det vil ta minst to veker til før ein har fått brøyta heile fylkesvegen. Når dette så er gjort er det opp til vegvesenet å vurdera om vegen skal opnast for trafikk.

– Om Ekkjeskaret er trygt er ei vurdering som må gjerast når brøytinga er ferdig. Difor er det vanskeleg å seia noko om kva tid vegen kan opnast, konkluderer Svein Tore Tveitane, Risa sin oppsynsmann i Sauda.

Vi brukere vil gjerne ha denne veien åpnet, men vil også at den skal være sikker å ferdes på. Det positive er vel mest at rikelig med snø i fjellet og fortsatt lave temperaturer gjør at vi har produksjonsvann l e n g e.