Publisert 27.01.2016
Framleis høg kraftproduksjon.
Kraftproduksjonen i Noreg gjekk opp med 66 GWh i veke 3, samanlikna med veka før. Det vart dermed ny norsk produksjonsrekord av kraft i løpet av ei veke. Årsaka til det var framleis høgt kraftbehov grunna det kalde vêret over heile Norden.
Torsdag mellom kl. 8 og 9 vart det satt ny forbruksrekord i Noreg med 24.485 MWh/h. Då vart den momentane etterspurnaden etter kraft så høg at kraftprisen vart over 200 øre/kWh Aust-, Midt- og Nord-Noreg. Det er den høgaste timesprisen i Noreg sidan januar 2010 . Prissmitte frå Finland og Sverige medverka til pristoppane i førre veke.
Vannmagasinstatistikk uke 3.
Sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgraden i norske magasin 70,8 prosent.
Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 4,2 prosenteiningar mot 3,9 prosenteiningar veka før.
Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 64,4 prosent og maksimum 72,5 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 73,8 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 68,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 71,9 prosent.